}

09. april 2019, kl. 21:00

@

Antikvariatet, Trondheim

220,- (ordinær) / 170,- (student) / 100,- (medlem)

Skurkar 

‘Skurkar’ vart starta hausten 2018 og er ein kvartett beståande av musikarar frå heile Skandinavia, med base i Trondheim. Kvartetten skriv og spelar eigne komposisjonar der dei hentar inspirasjon frå musikarar som Ornette Coleman, Charles Mingus og Thelonious Monk. Spontanitet og improvisasjon er ein sentral del av deira uttrykk. Målet er å utfordre og utforske musikkens tradisjonar, form og harmoniar. Med ein besetning beståande av to saxofonar, trommer og bass skapar kvartetten eit tørt og ope landskap der temaa vert formidla ærlig og med overtyding. For desse musikarane handlar det om å vere til stads i noet, leike, utforske, lytte, reagere og ikkje minst få både seg sjølv og publikum til å gløyme tid og stad.

Amalie Dahl (DK) – altsaxofon
Jenny Frøysa (NO) – barytonsaxofon
Oda Steinkopf (NO) – kontrabass
Emma Lönnestål (SE) – trommer